Advokat Nils O. Lid

Grunnprinsippet er betaling per time. Timepris for private (når ikkje noko anna er avtalt): 1600 kr + mva.

Timepris for bedrifter og saker betalt av det offentlege eller forsikringsselskaper: 1600 kr + mva.

Timesatsen er ikkje det mest avgjerende for dei klienten sine totale kostnadar – tidsforbruket er vell så viktig. Eg legger vekt på å løyse saka for klienten på en rask, men forsvarleg måte.

Det er vanskeleg for ein advokat å angje kva salæret vil bli ved byrjinga av et oppdrag. Om oppdraget er avgrensa, oversktleg og enkelt å utføre vil eg allereie før oppdraget vert påyrja kunne angje storleiken til salæret.

Fakturering skjer ein gang i månaden, eller etter avtale.

Nokre prisdøme for standardoppgåver

Eigendomsoppgjer

Kr. 14.000 + mva – dvs. kr. 17.500 inkludert mva. Forsikring eigedomsoppgjer og eventuelt gebyr e-tinglysing kjem i tillegg.

Eigedomsoppgjer inkluder m.a. skriving av kjøpekontrakt og skøyte, kontraktsmøte, samt oppgjer i samband med handelen.

Formidlar Boligselgerforsikring frå Gjensidige forsikring og Boligkjøperforsikring frå HELP forsikring.

Eigendomsmekling

Provisjon 2,5 % + mva – dvs.
3,125% inklusiv mva. (Minsteprovisjon kr 50.000 inkl. mva.)
Provisjon (innbefatter) alt arbeid, og det betalast ikkje ekstra
for tilretteleggjing, bilete, visning osv. Faktiske kostnadar med
annonsering, innhenting av informasjon og forsikring kjem i
tillegg.

Testamenter, sambokontrakter og
ektepakter.

Vanlegvis frå 4000-5000 kr + mva, avhengig av
kompleksitet.

Rettshjelpforsikring

Dei fleste private har vanlegvis rettshjelpsforsikringer som dekker advokatkostnadar ved fleire typer saker. Dette gjeld forsikringar for villa, innbo, motorvogn, båt, landbruksforsikring mv.

Rettshjelpforsikringer gir rett til dekning av kostnadar til juridisk bistand når det har oppstått ein tvist knytta til den forsikra gjenstanden. Vanlegvis er det eit øvre tak på 100.000 kr som selskapet erstattar. Det må betalast egenandel som vanlegvis er på frå 4000 kr,
pluss 20 % av overskytande.

Det må dokumenterast overfor forsikringsselskapet at det foreligger ein tvist. Advokaten gir råd og fremmer søknad overfor forsikringsselskapet.